
Sjukepleiestudium i Sverige
I Sverige kan du studere sjukepleie ved fleire høgskular og universitet. Utdanninga er gratis for norske studentar, og fleire lærestader har opptak både haust og vår.
-
Kvar kan eg studera?
-
Kva fagkrav må eg ha?
-
Søknadsprosess
-
Godkjenning
-
Kor mykje kostar det?
-
Finansiering
Om utdanninga
Sjuksköterskeprogrammet i Sverige er treårig og gir 180 høgskulepoeng. Etter fullført utdanning kan du søkje om svensk legitimation som sjuksköterska hos Socialstyrelsen. Dersom du vil spesialisere deg vidare, finst det også utdanningar på avansert nivå.
Finn sjukepleiarutdanning i Sverige
Bruk søkjeverktøyet på Studera.nu eller Antagning.se for å finne sjukepleiarutdanningar ved ulike lærestader i Sverige.
Opptakskrav bachelor
For å søkje på sjukepleiarutdanninga i Sverige må du ha grundläggande behörighet som svarer til generell studiekompetanse på norsk.
I tillegg til generell studiekompetanse må du dekke desse svenske fagkrava:
- Matematik 2a, 2b eller 2c
- Naturkunskap 2
- Samhällskunskap 1b eller 1a1 + 1a2
Kva norske fag svarer til krava?
For norske vitnemål frå og med 2023 viser UHR denne omsetjinga:
- Matematik 2a: Matematikk 1T og 2P, eller matematikk S1
- Naturkunskap 2: Naturfag (140 timar) og to av faga Biologi 1, Fysikk 1 og Kjemi 1
- Samhällskunskap 1b: Samfunnskunnskap og eitt av desse faga: rettslære, sosialkunnskap, samfunnsgeografi, sosiologi og sosialantropologi eller politikk og menneskerettar
Har du gått yrkesfag med påbygg bør du kontrollere fag og fagkodar særleg nøye mot oversikta hos UHR.
Du søkjer med førstegongsvitnemål. For informasjon om omrekning av snitt, sjå ANSAs side om studium i Sverige.
Dersom du manglar fag
Kontroller først vitnemålet ditt mot den oppdaterte oversikta hos UHR (se over). Har du gått yrkesfag, kan også enkelte programfag ha betydning for vurderinga.
Dersom du manglar eit fagkrav, kan du ta faget som privatist i Noreg. Nye fag skal dokumenterast på kompetansebevis. Dersom du supplerer med fag etter vidaregåande, kan det påverke kva opptaksgruppe du blir vurdert i i Sverige.
Det er svenske opptaksmyndigheiter som avgjer om faga dine oppfyller opptakskrava
Søknadsprosess
Du søkjer om opptak via søkjeportalen Antagningen.
Du finn steg-for-steg rettleiing i søknadsprosessen på ANSAs nettside om studium i Sverige.
Godkjenning
For å praktisera som sjukepleiar i Noreg med utanlandsk utdanning må du ha autorisasjon frå Helsedirektoratet. Hovudkravet for utdanning innan EU/EØS er at ein kvalifiserer til autorisasjon som sjukepleiar i landet ein har utdanninga frå.
Les meir om godkjenning på ANSAs hovudside om sjukepleiarutdanning i utlandet.
Kor mykje kostar det?
Studium ved offentlege lærestader i Sverige er gratis for norske statsborgarar, både på bachelor- og masternivå.
Bachelor- og mastergrader ved offentlege lærestader
Kor høge er levekostnadene?
For å få eit estimat på kor mykje det kostar å bu og leve Sverige, kan du bruke denne kalkulatoren for å samanlikne levekostnader i ulike byar.
Finansiering
Kan eg få støtte frå Lånekassen?
For å få støtte frå Lånekassen til høgare utdanning i Sverige må du som hovudregel ha generell studiekompetanse og norsk statsborgarskap.
Lånekassen gir støtte til studium som er offisielt godkjende i studielandet. Dersom studiet du finn er godkjent av svensk lånekassa (CSN), er det også godkjent for støtte frå den norske Lånekassen.
Innan Norden kan du få støtte til utdanning på alle nivå, så lenge utdanninga òg er godkjend av den nasjonale lånekassa i landet der du skal studere.

Jeg har kommet inn på en skole i Sverige — hva nå?
Gratulerer! Nå bør du forberede deg på avreisen og oppholdet.