Erik Eikenes Basserman

Hovedstyrekandidat 2026

Kandidatpresentasjon

Eg er 22 år gammal, norsk-tysk og studerer medisin i Tyskland. Det siste året har eg vore medlem av hovudstyret i ANSA, samstundes som eg er lokallagsleiar for ANSA Tyskland Sør og medlem av landsstyret.

Gjennom verva mine har eg fått god kjennskap til organisasjonen og dei endringane ANSA står i.

Eg ønskjer å bidra med kontinuitet og erfaring i omstruktureringsarbeidet som pågår.

Eg har særleg engasjert meg i likestilling og inkludering, mellom anna gjennom arbeidet for språkleg likestilling mellom nynorsk og bokmål og inkluderande, helsefremjande og klimavenlege arrangement.

Eg stiller til attval fordi eg framleis har stor motivasjon for å arbeide for ein inkluderande, medlemsnær og framtidsretta ANSA.