Hjem / Artikler /

Jardars guide til grøn og komfortabel reise

Skal du ut på reise i Europa? Då finst det måtar å gjere turen grønare på utan å fire på komfortkrava. Med nokre enkle førebuingar er det lett å droppe flyturen. Les Jardars reisetips her!

| Sist oppdatert: | Forfatter: ANSA
Jardar turbilder collage

Alternativ til fly

Det er mange moglege måtar å komme seg nedover Europa på. Dei fleste som skal lengre sør enn København er nok raske til å sjekke ulike flyselskap for å finna billettar. Men det finst andre gode alternativ for dei som vil prioritera miljøet og har litt ekstra tolmod. Og er du på utveksling kan du òg få grønt reisestipend frå Erasmus-ordninga — bare spar på kvitteringar og søk gjennom studiestaden din!

Jardars pakkeliste

Før me begynner — dette må du berre ha med deg for å få ei komfortabel reise:

  • Sovemaske
  • Øyreproppar
  • Nakkepute eller anna pute
  • Teppe, skjorte eller jakke til å ha over deg
  • Ulltrøye og varme sokkar mot AC
  • Ein genser til å ha i botnen av ryggen etter at stolsetet er tatt ned
  • Eventuelt ein bok
Reiseutstyr
Nokre av dei viktigaste tinga eg har med med på buss. Foto: Privat
Mann i en park
ANSA karrierehelg i Berlin, bussa fram og tilbake til Wien. Foto: Privat
Mann foran gammel bygning
I Brasov, Romania, på busstur til Chisinău, Moldova, for å sjå Moldova-Noreg. Endte med 5-0 til Noreg! Foto: Privat

Flixbuss og VY Buss

Dei færraste veit at det går direkte Flixbuss mellom Oslo og Berlin, Praha og Hamburg. Viss du vil begynna eller avslutta reisa komfortabelt og roleg, kan du òg starta med buss til frå Oslo til København med fult internett og komfortable seter hos VY Buss. Frå København finst det endå fleire direkteruter nedover Europa, til dømes til Paris, Brussel og München.

Pakk for komfort

Tilbake til pakkelista.

For å få ei komfortabel natt på ein lang busstur er det nokre ting som er lure å tenka på. Ha med ei form for pute, enten nakkepute eller ei anna pute. Ha med sovemaske og øyreproppar. Når du tar ned setet for å sove (ja, det er lov!) så kan det vera lurt å ha ein genser eller noko anna mjukt i botnen av ryggen for betre komfort. Ha eit teppe, ei skjorte eller ei jakke du kan ha over deg, og gjerne ei ulltrøye og ullsokkar for å halde varmen viss aircondition står på fullt.

Reiser du om dagen er òg ei god bok lurt å ha med seg!

Tenk òg over retninga du skal reise og kor sola står opp. Viss du har moglegheit er det ein stor fordel å sitte motsatt side enn der sola steikar inn, spesielt tidleg på morgonkvisten.

Viss du følgjer desse tipsa er ikkje ein lang busstur eller nattbuss så ukomfortabel som mange sikkert tenkjar. Ein fordel med å reise med nattbuss er at du slepp å betale ekstra for overnatting den natta og du kan ofte få heile dagar både der du drog frå og der ein skal. Perfekt for helgeturar!

Åpen bok
Påsketur til Thessaloniki, Hellas, for å besøke ei venninne. Lesepause med «Harry Potter og de vises stein» på tysk. Bussturen tok 32 timar kvar veg fra Wien til Thessaloniki. Foto: Privat
Thessaloniki i påsken. Foto: Privat
Mann foran buss
Bussbytte i Arad, Romania, på veg heim frå Thessaloniki. Foto: Privat

Dette går som ein leik

Eit par litt mindre seriøse tips, men som eg likevel har tru på:

Skikkeleg lang busstur

Ta ein skikkeleg lang direkte busstur ein gong. Min rekord er 58 timar på same buss, frå Fortaleza til São Paulo då eg var på utveksling i Brasil. Den lengste eg veit om i Europa er București til Barcelona på 45,5 timar (eg tok store deler av den turen sjølv på sommarferie).

Etter dette er det ein leik å reise frå Oslo til Wien, som er min noverande studiestad. Denne turen tar 30 timar med bussbytte i Berlin eller København.

Ikkje sjekk fly

Eit anna nyttig tips er å ganske enkelt ikkje sjekka flyalternativa. Gå rett på buss- eller togalternativa og finn di reiserute.

Togturar er spesielt gode for starten eller slutten av utanlandsopphaldet, då du kan ta med deg fleire kolli uten ekstra kostnad. To NTNU-studentar eg møtte på toget på veg til Innsbruck i fjor sommar hadde med seg fire kolli kvar med ski, klatreutstyr og alt anna!


Håpar desse tipsa er til god nytte.

God, grøn reise! 🌲🌿

Helsing Jardar

Les også