
Ane Rønningen Stautland
Deltaker ANSA Juvenarte 2026
Koreografi
Bachelor i samtidsdans ved Iceland University of The Arts, Reykjavík, Island
Om kunstneren
Eg heiter Ane, er 20år og vaks opp på ei forblåst øy vest i havet som heiter Bømlo. Eg studerer samtidsdans på kunstuniversitet på Island. Å studere dansekunst var ikkje eit val, men eit behov, ein trang, ein nødvendigheit. Eg har eit behov for å skape. Det er som at ideane flyr rundt inni meg, dei vil ut og visst ikkje eg får eit utløp desse, så brenner dei inne. Eg får ein uro i meg. Derfor må dei ut og eg må utforske å skape.
Eg starta å danse i kulturskulen på Bømlo då eg var ei lita jente. Eg fann raskt ut at dette var noko eg stortrivest med og ein flamme inni meg vart tent. Jo eldre eg blei desto meir tid tilbrakte eg i dansesalen for å øve, lære, utforske, skape og leike. Eg ville bli profesjonell dansar og dermed basta, den tanken og motivasjonen visna aldri. Bømlo kulturskule vart eit springbrett for meg vidare til danselinja på Skeisvang i Haugesund. Der møtte eg eit dansemiljø som gav meg nye perspektiv, teknikkar, idear og moglegheiter og ikkje minst mykje inspirasjon og motivasjon.
Etter tre år på danselinja hadde eg lært utruleg mykje og utvikla veldig som dansar. Eg var framleis ikkje i tvil om kva eg ville bli og eg visste at på Island var det ein skule som måtte vera midt i blinken for meg, nemleg Iceland University of the Arts. Etter ein lang og grundig auditionprosess, med hundrevis av søkjarar frå heile Europa vart 12 stykk tilbydt plass, og eg var ein av dei. Så hausten 2024 pakka eg sakene mine og flytta til Reykjavik. No er eg midt i mitt andre år på Island og eg elskar det! Her har eg møtt så mange kunstarar som har gitt meg så mykje inspirasjon og motivasjon at den flammen som vart tent inni meg som lita jente brenn sterkare enn nokon gong før. Skulekvardagen består av dans frå 08:30-16.40 kvar dag og her følar eg at eg verkeleg får utforska min eigen kreativitet å utvikla min identitet som kunstnar og dansar.
Eg har eit behov for å dykke djupt ned i min eigen kreativitet å sette fyr på den slik at den ikkje finnes lenger. Når eg skapar noko, ein koreografi, ein teikning eller eit maleri, er det som at eg printar ut hjernen min og hjarta mitt. Det er sårbart, skummelt, befriande og dødsdigg.
Eg elskar å danse. Eg elskar det så mykje at eg av og til hatar det. Og eg følar av og til at dansen hatar meg og. Meg og dansen har vel eit nokså turbulent og intenst forhold. Det blir ein del krangling og irritasjon. Men likevel elskar eg dansen og eg klarar meg ikkje uten den. Og dansen, den finnes ikkje utan meg. Me er avhengige av kvarandre. Det er skjørt og det er spesielt vanskelig i dei periodane me ikkje takler trynet på kvarandre, men fortsatt må jobbe saman kvar jævla dag. Kjærligheten vinn heldigvis over hatet. Dansen blir aldri kvitt meg.
Målet mitt med dansen er å krysse ulike retningar innanfor kunst for å skape eit enda sterkare uttrykk som berørar enda djupare og som tillater publikum å oppleve kjensler dei aldri har kjent på før. I all kunsten eg lagar har eg tre krav eg alltid følgjer: Det skal sjokkere, provosere og det skal vera brilliant. Kunsten er alt det ein ikkje klarar å setje ord på, derfor er det så sterkt og viktig. Og så er draumen min å danse i Carte Blanche, hehe.
Bidrag
I denne dansevideoen utforskar eg skjæringspunktet mellom dansekunst og biletkunst/maleri, og korleis røyrsle kan eksistere i samspel med stillheit. Eg undersøkjer kva som skjer når kroppen møter rom, lys, overflater, perspektiv og farge, og korleis desse elementa påverkar uttrykket.
I den skapande prosessen har eg arbeidd med å dekolonisera kroppen. Som kvinne i kunstfeltet og på scena møter eg forventningar, «reglar» og avgrensingar knytte til korleis kroppen kan uttrykkje seg og bli sett. Gjennom dette verket ynskjer eg å utfordre desse strukturane og frigjere kroppen frå internaliserte normer for å opne for eit råare, meir autentisk uttrykk.
Eg ynskjer å skape eit verk som både sjokkerer og provoserer, men samstundes inviterer til refleksjon. Dansevideoen er eit forsøk på å bryte ned grenser mellom ulike kunstutrykk, mellom røyrsle og stillheit, og mellom det som blir oppfatta som «vakkert» og «uakseptabelt».