
Jesper Hommefoss Johnsen
Hovedstyrekandidat 2025
Kandidatpresentasjon
Gode ANSA-venner,
Mitt namn er Jesper, eg er 26 år ifrå Skaun i Trøndelag og studerer ein master i statsvitskap i Frankfurt am Main.
Gjennom eit heilt studieløp i utlandet har eg fått kjenne på det meste av problem som ein kan støyte på som norsk utanlandsstudent — alt ifrå einsemd til trøbbel med Lånekassen.
Det siste året har eg vore landsleiar i ANSA Tyskland og går nå på min tredje periode som landsstyremedlem. Her har eg mellom anna vore med på å arrangere julehelg i Sør-Tyskland og vårt store flaggskiparrangement: Karriereforum i Berlin.
I løpet av våren har eg også vore ein del av ANSA sitt organisasjonsutval og har difor prata med mange av dykk. No har eg lyst til å ta med det eg har lært gjennom arbeid i organisasjonen inn i hovudstyret.
Eg er opptatt av at utanlandsstudenten skal ha ei sterk røyst — uavhengig av kven du er eller kor i Noreg du kjem ifrå. I tillegg skal vi halde fram med å vere ein varm organisasjon som tar vare på kvarandre — ingen skal reise åleine.
Godt val!