
Erik Johann Bassermann
Hovedstyrekandidat 2025
Kandidatpresentasjon
Hei!
Eg heiter Erik og er ein tysk-norsk medisinstudent. Eg byrja med styrearbeid som
elevrepresentant i skulestyret ved Svalbard folkehøgskule i Longyearbyen — og vart så
hekta at eg seinare engasjerte meg i ANSA Tyskland, der eg sidan 2023 har vore med i
landsstyret og no sit som lokallagsleiar i Sør-Tyskland.
Då eg først blei med, visste eg knapt kva styrearbeid innebar — eg synest berre det var
stas å bli spurt (og å få sette signaturen min på viktige ark). Men gjennom ANSA har eg
lært kor meiningsfullt det er å skape fellesskap, hjelpe studentar i alt frå bustadjakt til
beredskapssituasjonar — og vere del av eit større nettverk.
Som ein ekte «aviation geek» ser eg ANSA som eit fly: Vi studentar er passasjerane, på
reise ut i verda for å lære, vekse og finne ut kven vi vil vere. Som tillitsvald har eg vore ein av flyvertane — med ansvar for tryggleik, trivsel og samhald. No kjenner eg at det er på tide å ta steget opp i cockpit og vere med på å styre kursen vidare saman med
hovudstyret.
Eg brenn for kulturutveksling, språkleg mangfald (heia nynorsken!) — og for at ANSA skal vere ein open og inkluderande organisasjon som ikkje berre støttar norske studentar i utlandet, men også bygger bru mellom Noreg og verda.
Cleared for take-off!