Hanne Stavø Storkås studerer medisin ved København Universitet. Les hennes erfaringer fra Danmark her.

Fortell litt om København Universitet:

Det Sundhedsvidenskabelige Fakultet, aka Panum, ligger på bydelen Nørrebro i København, rett ved Rigshospitalet. Det er nettopp bygd ein ny bygning, Mærsktårnet, med auditorium, undervisningslokaler og forskningslokaler som ligg rett ved sidan av den gamle Panumbygningen. Det er lesesal på skulen, laboratoriesalar og gode utstillingar av anatomiske strukturar.

Det blir teke opp ca. 250studentar kvart semester (altså kvart halve år) i København og 12 av desse plassane er satt av til nordmenn.

Hvordan er studiet ditt?

Søknadsprosessen til Medisin i København er godt beskreve på Ansa.no. I Kvote 1 søker ein basert på karakterar og det er her det er flest plassar. Karaktersnittet varierar i forhold til kor mange norske studentar som søker då vi har vår eiga kvote. I DK får ein ingen ekstrapoeng for realfag og ein har ikkje moglegheit for å forbetre snittet sitt ved å ta opp att fag etter vidareagåande. Dersom ein manglar fag kan ein supplere desse, men dei tel ikkje inn på karaktersnittet. MEN, dersom ein vel å søke innan to år etter vidaregåande er avslutta vert (det danske) karaktersnittet gonga med 1,08. Karaktersnitt frå siste opptak og omrekningsprosedyre kan finnast på ANSA si heimeside. Det er også mogleg å søke i den såkalla kvote 2, kvar ein blir vurdert utifrå eit motivasjonsbrev og CV.

Det kostar ingenting å studere ved KU. Studiet er oppdelt i bachelor og kandidat, der bacheloren er ganske teoretisk og kandidaten er meir praktisk. Det er noko obligatorisk undervisning (bl.a. lab og klinikk), men det meste av forelesningar er frivillige. Det er mange gode forelesarar (men sjølvsagt også andre som kanskje er flinkare på forskning). I tillegg er det satt av såkalla SAU-timar (Student Aktiverande Undervisning), kvar ein er delt opp i mindre klassar på ca. 26 elever og får oppfølging frå ein eldre student, ein lege eller andre. Dette er eit utruleg bra tilbod som ein lærer mykje av! Eksamen blir avholdt enten i skriftleg form på datamaskin eller som munnleg/praktisk.

Etter at fremdriftsreformen blei innført hausten 2015 er moglegheitene for å styre si eiga tid meir begrensa. Reformen innebær at ein skal vere tilmeldt 30 (nye) studiepoeng kvart semester. Dette er eit tiltak som er innført for å få studentar fortare gjennom studia. Ein kan få dispensasjon dersom ein har ein funksjonsnedsettelse eller er toppidrettsutøver. Ein har framleis rett på eit års permisjon både på kandidat og bachelor og det er fullt mogleg å ta fri mellom bachelor og kandidat, så det er framleis moglegheit for å gjere andre ting undervegs i utdanning dersom ein ynskjer det.

Hvordan er bo mulighetene og prisnivået?

Erfaring tilseier at det er ganske vanskelig å finne seg bolig i København. Sjølv flytta eg ned i 2011 utan stad å bu og matte utnytte meg av dansk gjestfriheit. Det er fleire som prøvar å lure deg så vær på vakt. Kva ein betaler kjem an på kva standard og område ein ynskjer å bu og kan ligge  frå 2500-6000DKK.  

Det er også eit stort marked for andelsleiligheiter og eigerleiligheiter.

Alt I alt, hvordan syns du det er å studere i København?

Eg er veldig glad for at eg valgte å studere på KU. København er ein nydelig by med avslappa, urban og kul atmosfære. Ein er i utlandet men det er samtidig kort veg heim. Studiet har fagleg høg kvalitet og god undervisning og det er mange gode moglegheiter bade for utveksling (eller “innveksling” til Norge viss heimlengsla blir for stor), forskning og studierelevant arbeid. Eg kan verkeleg anbefale å studere Medisin ved Københavns Universitet.

Gode råd til fremtidige studenter ved lærestedet?

Leit etter bolig tidleg og få deg CPR-nr så fort som mogleg, det trengs for mobilnr og bank. Ikkje gi opp sjølv om det kan vere skummelt og rart i starten, det blir betre! Lær deg dansk og bli glad i øl!