Doktograd i statsvitenskap ved universitetet i Oxford

Rebecca Engebretsen, 27, tar PhD i statsvitenskap ved prestisjeuniversitetet Oxford i Storbritannia. ...
Publisert: 25.05.2016 13:49:26
Oppdatert: 01.02.2018
Rebecca Engebretsen, 27, tar PhD i statsvitenskap ved prestisjeuniversitetet Oxford i Storbritannia. ...
Etter fem år på New Zealand dro Tina Rønhovde Tiller til Østerrike hvor hun nå tar doktorgrad i Tour ...
Nina Holden tar doktorgrad i matte med spesialisering i sannsynlighetsteori ved Massachusetts Instit ...
Espen Geelmuyden Rød tar phd i statsvitenskap med spesialisering i autoritære regimer ved Graduate S ...
Etter fem år på New Zealand dro Tina Rønhovde Tiller til Østerrike hvor hun nå tar doktorgrad i Tourism and Leisure Studies ved Vienna University of Economics and Business (WU). Vi spurte henne litt om hvordan det er å ta PhD i utlandet, utfordringer, gleder og livet i Wien generelt.
Dei siste fem og eit halvt åra har eg jobba som forelesar på eit lite privatuniversitet i Wien, MODUL University Vienna, mens eg tek doktorgrad i Turisme og Fritidsforsking på Wirtschaftsuni i Wien. I september vart eg ferdig med kontrakten på MODUL og i mars blir eg ferdig med doktorgraden!
Bibliotekbygget på WU ser litt ut som eit cruiseskip. Og man har litt den følelsen når man går inn og, blanda med Starship Enterprise…
Eg er ein evig utanlandsstudent. Snart ANSA-medlem i ti år og student i ti år - er det ny rekord? Dei første fem åra studerte eg på New Zealand ved Victoria University of Wellington, og etter det prøvde eg å finna jobb der. Det var ikkje lett i 2009/10, då den økonomiske krisa var på sitt verste der. Eg endte opp med å ta ei stilling som innebar å fortsetja studier, og tenkte at det kunne ikkje vera så ille å flytta til Østerrike. Og det var det ikkje!
Det var eigentleg eit totalt lykketreff. Ein dag seint på masterstudiet då eg hadde søkt mange jobbar i næringslivet og ikkje hadde kommen noko veg, sa ein av dei eg studerte master med at dei hadde funne ei doktorstilling som virka heilt perfekt for meg. Eg hadde vel ikkje så lyst til å flytta eller til å ta doktorgrad, spesielt sidan mastergraden var ganske krevande, men til slutt bestemte eg meg for å senda inn ein søknad. Og då gjekk det kjempefort – på ein månad hadde eg fått stillinga og flytta frå New Zealand til Østerrike for å starta på vidare studier. Eg hadde stipendiatstilling, og det vil eg nok anbefala dei som er interesserte i å studera her å finna sidan det er mykje papirarbeid og man må finna vegleiar allerede når man søker. Dei aksepterer ikkje studentar utan at dei har ein vegleiar allerede, noko som kan vera vanskeleg dersom man søker frå utlandet (Noreg for eksempel). Men, det er nok ikkje umuleg, dersom man tek kontakt på det instituttet der man vil studera.
Utsikt frå øverste etasjen i biblioteket. Parken, Prater, man ser er mange hektar, og er det største friluftsområdet i byen.
Det kostar nesten ingenting å studera i Østerrike – ca. 19 Euro i semesteret. Jobben min på MODUL finansierte studier og levekostnadane mine her i Wien. Utan jobb hadde det sikkert og gått an med stønad frå Lånekassen, sidan det er ein relativt billeg by å bu i.
Ganske annleis. Man er meir einsam, man lever litt meir i si eiga verd. Det tek jo som kjend litt lengre tid enn bachelor eller master, så det er eit langt laup - men kollegaer og medstudentar hjelper på. Og ANSA, selvfølgelig. Det har vore godt å ha ein litan bit av Noreg her i Wien, medan eg har studert.
Hey.... Are they mutually exclusive? Eg er ikkje heilt sikker på om eg vil bli konsulent i det private eller fortsetja i ei akademisk stilling etter dette. For tida leitar eg etter Postdoc i England eller i Europa generelt.
Wien er ein flott by å bu i. Han vinn jo Mercer sitt livskvalitetsstudie år etter år, og det er nok gode grunnar til dette! Transport er bra og billeg, mat er bra og billeg, husvere er sjukt mykje billegare enn for eksempel i Oslo. Dei første tre åra hadde eg ein fin, liten leilighet åleine, og den kosta mindre enn 3000 kroner i månaden, og var to stopp med Ubahn frå sentrum. Det er deilig å vera norsk i Østerrike.
Hm, det var eit vanskeleg spørsmål. Eg er rett og slett ikkje sikker, sidan eg aldri har studert i Noreg. Språket er vel kanskje litt vanskeleg? Eg har null problem med tysk, men eg veit jo at det er nokre som ikkje er så glad i språk generelt sett. Man kan studera på engelsk, så man klarar seg ok utan å kunna det, men det er ikkje lett å integrera seg i samfunnet utan å kunna tysk. Og det er jo eigentleg det samme uansett kor man drar, man må kunna språket. Familien er alltid langt vekke dersom noko skjer, og det kan av og til vera problematisk. Stort sett går det greitt!
Sjå kva som finnast der ute, kanskje finnast det eit universitet som tilbyr stipendiat for å gjera akkurat det som man har lyst til. Det finnast og nettsider som man kan følga for å sjå kva stipendiat som vert lyst ut (for eksember Euraxess). Snakk med folk som studerer på universitetet man har lyst til å dra til. Vanlegvis finnast det folk som har vore der før - med andre ord: lytt til erfarne fjellfolk!
Rebecca Engebretsen, 27, tar PhD i statsvitenskap ved prestisjeuniversitetet Oxford i Storbritannia. ...
Etter fem år på New Zealand dro Tina Rønhovde Tiller til Østerrike hvor hun nå tar doktorgrad i Tour ...
Nina Holden tar doktorgrad i matte med spesialisering i sannsynlighetsteori ved Massachusetts Instit ...
Espen Geelmuyden Rød tar phd i statsvitenskap med spesialisering i autoritære regimer ved Graduate S ...