Fridtjof Lyse Falk skal ta en master i Midtøsten-studier ved verdens kanskje aller fremste universitet, Harvard, med støtte fra Aker Scholarship.

Kort om Fridtjof:

 Hvorfor søkte du Aker Scholarship og akkurat Harvard University?

Eg søkte Aker fordi det virka som ein unik moglegheit eg ikkje ville kunne få nokon annan plass. For det første visste eg at ein mastergrad ved eit leiande universitet i USA var målet, men at Lånekassen ikkje ville kunne gi meg nok støtte. Men Aker er ikkje berre eit stipend, du blir del av eit prosjekt, og det var faktoren som gjorde opplegget ekstra attraktivt. Når det gjeld universitetet eg kom inn på var eg verkeleg ikkje sikker på at det var her eg ville gå. Harvard var ein draum, men eg hadde aldri sett for meg at eg ville komme inn – derfor torde eg ikkje eingong å tenke tanken. Når ein plutseleg kjem inn føles det berre rart. Eg trur Aker Scholarship var ein enormt viktig faktor i dette høvet.

Bortsett fra det rent faglige, hva er det viktigste du har lært som utenlandsstudent?

At det omtrent alltid lønner seg å eksponere seg og ta en sjanse. Det fantastiske med Noreg er sikkerheitsnettet vi har heime. Om du skulle drite deg fullstendig ut i utlandet eller om du verkelg ikkje trivst, har du alltids en skuleplass i Noreg ventande på deg. Eg flytta til Frankrike utan å kunne eit ord fransk og har fylgt den logikken sidan. Føler du deg lite komfortabel er det truleg eit særs godt teikn. Alltid hugs at ingen andre der føler seg komfortabel til å begynne med heller.

Hvordan fikk du vite om Aker Scholarship?

Eg hadde det i underbevisstheita, men såg det ærlig talt på Facebook 4 timar før fristen. Eg tenkte at dette måtte være et teikn, og merka fort imens eg skreiv søknaden at stipendet verka ganske skreddarsydd til planane mine.

Og hva er det mest uviktige/ubrukelige du har lært som utenlandsstudent?

At å dra ein sveitt brunost med seg til kor no enn du studerer aldri er verd det.

Hva gleder du deg mest til med ditt nye studiested/grad?

Eg gler meg til å vere ein del av eit framifrå og lite fakultet der eg endeleig vil ha fridom til å fokusere fullt på kva eg synest er mest interessant, samt å ha tilgang til dei beste professorane i verda. Eg gler meg til å daglig kunne delta på fantastiske gjesteforelesingar. Men mest av alt gler eg meg til det ein aldri kan forberede seg på – møte nye folk, oppleve ein ny by og finne ut kva eg vil at neste kapittel skal bli.

Og hva gruer du deg mest til?

Finne ein rimelig leilegheit i ein by fylt til randen av studentar.

Hva drømte du om å bli da du var liten?

Reiseplanleggjar for Boca Juniors i Argentina.

Hva vil du gjøre når du er ferdig med studiene?

Det vil eg ikkje vite. Eg har aldri på slutten av eit år gjort det eg trudde eg skulle gjere på byrjinga av året. Så eg skal berre fortsette å vere open for alt og huke tak i alle moglegheiter som kjem seglande forbi.

Hva er drømmejobben i dag, og hvorfor?

Eg håpar på å vere ei stemme for å bruke sunn dømekraft i vesten sin tilnærming til Iran. Vi ser altfor mykje tynt begrunna, bombastiske haldningar til Midtausten, og særleg Iran. Eg ser fram til å utvikle denne dømmekrafta gjennom to år på Harvard.