Ungdom frå distrikta er ei kraftig underrepresentert gruppe mellom utanlandsstudentane. Siste tal frå Lånekassen visar at nær 40% av norske utanlandsstudentar kjem frå Oslo og Akershus.
Ungdom frå distrikta er ei kraftig underrepresentert gruppe mellom utanlandsstudentane. Det er fire gongar så høg sjanse for at ein ungdom får Oslo dreg til utlandet for å studere som at ein ungdom frå distrikta gjer det same, visar dei siste tala frå Lånekassen.
President i ANSA (Samskipnaden for norske studentar i utlandet), Rasmus Myklebust, kjem sjølv frå ei lita bygd på Vestlandet. Han ynskjer difor å setje fokus på viktigheita av at myndigheitene legg til rette for at også ungdom frå distrikta skal ta steget ut for å studere.
– Eg trur at distrikta si framtid heng nært saman med vår kapasitet til å hente kunnskap og idear frå verda rundt oss. Skal vi lykkast med det er vi ikkje berre avhengig av kompetanseutvikling lokalt, men også av at ungdom frå distrikta reisar ut og tilegnar seg kompetanse som kan bli til levedyktige prosjekt og arbeidsplassar her heime, seier Rasmus Myklebust, president i ANSA.
I fjor haust vedtok Stortinget å kutte i reisestipendet innad i Norden, slik at ungdom frå utkant Noreg må betale fleire tusen meir for å studere i utlandet enn ungdom frå sentrale austlandsstrøk.
– Difor er det for det fyrste viktig at politikarane sørgjar for å gjeninnføre heile reisestipendet innad i Norden. I tillegg trengs ytterligare konkrete tiltak for at fleire ungdommar frå distrikta skal reise ut, hauste kunnskap og komme attende for å byggje distrikta si framtid, seier Myklebust.
Sjå tala frå Lånekassen her.
For meir info ta kontakt med Rasmus Myklebust på 906 51 156/22 47 76 05, 