05.desember.2009 - 06.november.2009
Hei alle glade studentar!
Den 5.desember vert julebordet 2009 for alle utanlandske studentar i Martin arrangert! Hald av dagen til denne fabelaktige festen som tek plass på nye Hotell Turiec!
Det vil som vanlig bli eit oppkome av god mat og drikke, etterfulgt av dans/disco og morro!
Julebordet har som tradisjon å inkludere litt underhaldning; det vere seg ein filmsnutt, sketsj, dans, diktlesing, spel eller song. Verv ein ven eller deg sjølv til eit underhaldningsbidrag eller kom med gode forslag til inupen@gmail.com !
Sidan julebordet er sponsa av ANSA vil prisane variere noko avhengig av om ein er medlem eller ei. Billetten vil koste ein stad mellom15-25 Euro.
Meir informasjon kjem seinare!
Mvh,
Julebordkomitéen