
Julebordet til ANSA Szczecin er nytt av året, men med enorm påmelding og folk på venteliste for å vera med på arrangementet, seier det seg sjølv at dette ein tradisjon som har vore sterkt sakna blant oss nordmenn her i Szczecin.
Her har du mulegheiten til å slå deg laus i god gammaldags norsk julebordtradisjon, med all skamm det eventuelt måtte medføre.
Vi kan garantere eit heidundrandes bra julebord med hæla i taket og tenna i tapeten frå fyrste stund. Dette kan du ikkje gå glipp av!
2.desember. Sett av denne datoen!