Referat fra utflukt til Toulouse!!

Bilder kommer snart!

 

Reiseskildring frå NFF i Toulouse

Sidan finanskrisa har gjort det vanskeleg å gjennomføra eit næringslivsseminar i Italia, så vart det bestemt at ANSA Italia skulle delta på ANSA Frankrike sitt Norsk Fransk Forum i Toulouse laurdag 7. november. Og som sagt som gjort.

Sjølv om store delar av transport utgiftene til turen vart dekka av ANSA Italia, så vart me berre fem deltakarar. Men til sjuande og sist, så var dette eit særs passande tal sidan alle då fekk plass i ein bil.
Og når Stian ordna stor svensk familiebil, så var det god plass til alle på den lange reisa vestover.

Dei fem heldige som fikk vere med til Toulouse var Andrea, Stine, Markus, Stian og Pål. Med avreise frå Roma for Stine og Trento for Pål så vart det mange reisetimar på fredagen.
Som vanlig så ønskjer ikkje ANSA Italia å gjere ting lett for seg, så det vart ein litt forseinka avreise frå Milano.

Men reisa vestover gjekk greitt, det ble litt meir enn 8 timar i bil, men med 3 pausar så gjekk det fint. På vegen passerte vi mange flotte og spanande plassar som Monte Carlo, Nice, St. Tropez, Marseille, Montpellier, før vi endelig kom fram til Toulouse i 02-tiden.

I Toulouse så var vi så heldige å få overnatte i leiligheten til Fridtjof, Kim og Tim. Der var det god plass, men litt golvkaldt om morgonen. Før vi hoppet til køys så måtte vi ha litt vin til å sove på slik at vi var pigge og friske til ein lang laurdag. Vi hadde og med to gode flaskar raud vin til våre verter som takk for servicen.

Laurdagen gjekk med til Næringslivsseminaret ved eit av universiteta i byen. Det var stort oppmøte av studentar, og dei kom og frå både England og Spania. Total var vi rundt 70, hovudsaklig økonomi og ingeniør studentar. Det var flott opplegg med Svein Rennemo og Kjell Aamot som høgdepunkta. Lunsjen var og god med vin og kanapèer.
Vi var særs godt nøgd med programmet, og når det heile var over fekk vi tid til ein liten runde i byen før middagen på ein av dei finare restaurantane i Toulouse. Der fekk vi servert Foie gras til forrett og Andebryst til hovudrett, ANSA Italia sin landsleiar fikk for første gang og servert kald raud vin.
Det var ein flott middag med god stemning der og Markus vart lokka ut i eit lite uføre som han takla på utmerket vis!

Etter middag var det fest i ein sentral leilighet. Og 60-70 personar fekk drikket og festet kor mykje dei ville utover dei seine nattetimar i Toulouse. Sidan vi skulle returnere til Italia på sundagen, så vart det ikkje altfor seint på oss. Og søndagsmorgon så vart det avreise kl 1030 frå Toulouse. Heimreisa gjekk også fint for seg, og frem til grensa hadde vi flott ver og god utsikt til alle dei fine plassane vi hadde kjørt forbi på fredagen i stummørket. I Italia så venta regnet på oss, og gjorde dei siste kilometrane inn til Milano litt lengre enn vanleg.

Men alt i alt hadde vi ein flott helg, og fikk mykje gode innblikk i korleis ANSA Frankrike avholder sine arrangement.

Takk for turen!

Sist endret: 18.11.2009 00:45 Skriv ut