Kontaktpersoner

  • University of York

Hjemmeside: (for international applicants)

Telefon: +44 (0)1904 430000
Fax: +44 (0)1904 433433

Besøksadresse: University of York, Heslington, York, YO10 5DD, UK
Postadresse: University of York, Heslington, York, YO10 5DD, UK

University of York

Skrevet av Mia Strøm Nilsen, 2009

Beskrivelse:

York, byen, ligger i North Yorkshire i England, og er midtvegs mellom London og Edinburgh. Og med dei superkjappe toga dei har her, så tar det deg ikkje lang tid (1,5-2 timar) å kome deg til begge plassane. York er ein liten by, med små sidegater, låge hus og brostein. Som i alle litt mindre byer er folk trivelege, og går du deg bort så er det masser av folk som vil hjelpe deg finne riktig veg. Ja, for byen er såpass at du kan blir litt forvirra over kvar du er. Her er alle vanlege butikkar, som H&M, TopShop/Man o.l, men samtidig meir nisjeprega små butikkar omkring.

Campus ligg 30 minutts vandring unna bykjernen. Universitetet er grønt, har ein stor dam som strekk over nesten heile campus, og har ein masse fugl. Gjessa skal visst tilhøyre dronninga, og om du drep ei gås blir du utestengt frå universitet for resten av livet. Om du derimot jukser på ei avhandling, får du ein ny sjanse. Om dette er sant eller ikkje, det veit eg ikkje, men det er tusenvis av vandrehistoriar kring dammen (som visstnok er dødeleg, så aldri bad der!) og regler for fugla.

Campus er delt inn i ulike colleges, der dei ulike collegene har studentrom og ulike institutt (f. eks matematisk, økonomisk, politisk osv) knytta til seg. Det er absolutt ikkje sånn at politikkstudentane er i politikkcolleget etc., men det er meir for å vite kvar du skal gå for å finne ein tutor eller instituttkontoret og forelesningssalene.
Sida studentane bur i ulike colleges så er det lagt opp til rivaleri mellom dei, men det er no mest på papiret. Alle er vennar med alle, utanom Derwent som tar det litt langt, men framleis på ein vennleg måte.

Elles er alt du treng å finne på campus, sjølv om det er litt dyrare enn å kjøpe det i byen eller over internett.

Utelivet er etter min smak perfekt. Hundrevis av hyggelege engelske pubber, som ser nett ut som 'Hjartet på rette staden'-puben. Nærmaste pubbene ligg i landsbyen Heslington, fem minutt unna campus, medan resten ligg på veg til eller i byen. Det er eit par klubbar i byen òg, men dei er som er ute etter meir hip-hop eller dance må nok inn til Leeds (som er 20 min. unna med tog). Dei mest vanlege klubbane (slik som Tru og Gallery) er meir på cheesy pop- sida, noko som betyr 90-talsmusikk og allsang på dansegolvet. Herlig!

I tillegg er det masse barer på campus, som blir brukt både til ulike events, vorspiels eller berre ein liten pint før kveldstid.

Universitetslivet er kring campus, i alle fall første året sida dei fleste vel å flytte inn på campus accommodation då. Det er ein kjempeflott måte å bli kjent med folk på! Og du er garantert ein plass på campus gjennom heile studiet om du er internasjonal student, men dei fleste vel likevel å flytte ut i andreåret. Det er tusenvis av foreningar, for alle interessar (frå strikking til reising til UN), som du blir oppfordra til å delta og ta verv i. Det same gjeld sport, det er verkeleg for ALLE nivå og ambisjonar.

Prisnivået er i nord er 'veldig' hyggeleg, også i samanlikning med London. Lånekassa kjem langt her, spesielt no med god kronekurs.

University of York er også et kjent og velrennomert universitet i UK og elles. York går igjen i topp 10 i UK og blant topp 100 i verda. Så det skulle ikkje vere noko i vegen for å si at dette er eit bra unviersitet med flinke lærare og godt miljø, som er nokre av kriteria for mange av rankinglistene.

Konklusjon: Er du interessert i eit godt universitet, i ein liten by med eit heidundrandes miljø så er University of York for deg!

Sist endret: 02.12.2009 20:32 Skriv ut