Oppdatert i 2010 av Ingrid Endresen Thorseth.
Anglia Ruskin University har 30 000 studentar og feira 150 år i 2008. Skulen er fordelt på to campusar der den eine ligg i Chelmsford og den andre i Cambridge. Sistnemnde er ein av dei eldste byane i England og dessutan ein av dei mest kjende studentbyane i Europa. Det er 109 000 innbyggjarar i Cambridge, og 22 000 av desse er studentar. Det høge studenttalet er med på å prege byen. Det er alltid noko som skjer, og byen har mykje å freiste med. Cambridge er ein by med ei lang og interessant historie, og byen har mange fine og ærverdige bygningar. Der er fleire kinoar, og stadig vekk vert det sett opp nye teaterframsyningar.
I byen ligg også Fitzwilliam Museum, som er kjend for sine målerisamlingar og antikvitetar. Byen har to store kjøpesenter i tillegg til klesbutikkar som er spreidde over heile byen. Her er noko for einkvar smak; alt ifrå eksklusive butikkar til kjeder som Topshop og Primark. I Cambridge er det mange spennande kafear og restaurantar, og her er også fleire nattklubbar og pubar. Student Union har ein pub på campus, og her vert fleire gongar i veka arrangert ulike temakveldar.
På campus er det eit treningsstudio. Dersom ein vil på større treningssenter, er det fleire slike rundt om i byen. I dei forskjellege parkane er det fleire sportstilbod. Anglia Ruskin har mange bumoglegheiter, både på og utanfor campus. Skulen har 1600 rom fordelte på forskjellige student halls, og leiga er om lag frå 80 til 120 pund i veka. Skulen leiger ut delte studenthus og kan også hjelpe til med å finne privateigde hus i byen. På campus er det også tre kafear og ein Student Union-butikk. Campus-området i Cambridge er for tida under oppussing, og i løpet av dei komande åra skal det stå ferdig fleire nye bygg.
Sidan Noreg ikkje er med i EU, må norske studentar betale meir enn studentar frå EU-land. Det ein må betale på dei fleste linjene ved Anglia Ruskin University skuleåret 2010/2011, er om lag 9500 pund. Tidlegare har det vore slik at dersom ein er norsk student og har over 4 i snitt frå vidaregåande, kan ein søkje om å få 1000 pund i avslag på skulepengane. Trass i høge skulepengar, er det mykje billegare å leve i England samanlikna med mange andre land. Klede, transport og uteliv generelt er mykje billegare. Ikkje minst er matvarer i ei heilt anna prisklasse, spesielt om ein handlar på dei store supermarknadene. Tvers over gata for skulen ligg Tesco Express, og om lag 10 minutt frå campus ligg fleire store supermarknader. Kvar tysdag og torsdag arrangerer Student Union gratis busstransport til Tesco.
Kollektivtransporten i Cambridge er godt organisert, og dersom ein er tidleg ute, kan ein finne billettar til rimelege prisar, både når det gjeld buss og tog. Stanstead Airport er berre ein liten time unna med buss, og det går buss og tog direkte til dei andre store flyplassane i England. Dersom ein vil oppleve storbyliv, så er London berre ei 50 minutts togreise unna.