Kontaktpersoner

  • Anglo Eur.Coll.of Chiropractic

Adresse :
13-15 Parkwood Road Boscombe
Bournemouth BH5 2DF
UNITED KINGDOM

Anglo Eur.Coll.of Chiropractic

Sist oppdatert i 2008 av Martin Bergum.

Beliggenhet
Bournemouth, sydkysten av England ca. 2 timar vest for London.

Semesterinndeling
3 semester. ca.20. sept. - 15. des., 05. jan - 25. mars og 15. april - 20. juni
I tillegg blir det eit sommarsemester ekstra mellom 4. og 5. året. Kurset går over 5 år + eit års turnusteneste hos norsk kiropraktor etter dei 5 åra. Studiet gir mastergrad i kiropraktikk. Ett 4-års kurs er også tilgjengeleg, men krev ein del forkunnskapar.

Søknadsfristar
Normalt 31. mars samme året som ein starter. Det vil også være høve med seinare søknader dersom det er ledige plassar. 3MN og to av 2FY, 2KJ og 2BI krevst som opptakskrav frå vidaregåande skole. I tillegg må søkaren klare TOEFL-testen for å begynne på skolen. Skolen har eit anna søknadsskjema enn det vanlege samla opptaket i UK da det er privateid.

Levekostnader
Mat noe billigare enn i Norge. Ellers omtrent like levekostnader.

Skolepengar
6532 pund pr. år fordelt på 3 avdrag i begynnelsen av kvar termin (ca. 90.000,-) Lånekassen gir lån og stipend som til andre studieretningar i utlandet. Rett til gebyrstipend.

Bolig og andre utgifter
Leie av rom på Halls of Residence er ikkje tilgjengeleg. Studentane leier privat og det er stort sett ikkje noe problem å finna seg ein plass å bu.

Gjennomsnittspris leilegheit
ca 200-230 pund pr. månad pr. person (2500-3000 kroner)

Generelle matutgifter
ca 20 pund i veka (250 kroner) viss all mat lagast sjølv. Tillegg for å spise ute.

Visum/Reise
Visum ikkje nødvendig (norsk pass er nok). Reise skjer med fly til London og buss/tog frå London til Bournemouth (ca. 2 timer). Eventuelt båt til Newcastle og buss/tog derfrå (ca. 8 timar). Fly er å anbefale.

Kort beskriving av fagretninga
Kiropraktikk kommer frå de greske orda 'cheir' og 'Praktiokos' som vil seie 'Utført med hand'. Kiropraktorer skrivar verken resepter eller utfører kirurgi.
Definisjon (WCCS-1997): Kiropraktikk er ein helsetjenestedisiplin som bygger på at kroppens helbredande kraft er påverka og integrert av nervesystemet. Det primære målet er difor å lokalisere, analysere og hjelpe kroppen til å rette opp forstyrrelsar i nervesystemet, primært ved å korrigere ryggvirvlar som er ute av stilling ved hjelp av justeringar.

Kiropraktikk er ein av dei raskast voksande profesjonar i Europa (1996) og har tilegna seg ei sentral rolle i behandlinga av nerve-, muskel- og skjelettplager med spesiell vekt på ryggrad og bekken. Utdanninga tar sikte på å gi oss dei 'redskaper' som er nødvendig for å kunne hjelpe pasientane på best mogeleg måte. Rådgiving (ergonomisk, trening, kosthold/ernæring), behandling og referering (til rette instans) er viktige stikkord.

Foreiningar

  • Norskeklubben
  • Belmannklubben
  • Eigne fotball, rugby, basketball og nettball lag + mange andre sportsaktiviteter i gymnastikksalen på skolen som sirkeltrening, innehockey, aerobic, klatring og diverse kampsportarter
  • Diverse teknikk og justeringsklubber på skolen for kiropraktikk

Egenerfaring frå staden, skolen, sosialt og lignende
Skolen er forholdsvis liten (ca 450 elever), noe som gjør at alle stort sett kjenner alle og det blir eit veldig bra sosialt og opent miljø. Skolen har også elevar frå alle verdsdelar og over halvparten er ikkje-britiske. Elevane er også veldig aktive på idrettsfronten og tross eit forholdsvis lavt elevtall finnes det eit utal forskjellige idrettsklubbar.

Sosialt er det også veldig bra. Det arrangerast fleire ball utover året, julefest, sportsdag, utflukter og skolens egen bar holder dans og underholdning for elevane.

Norskeklubben og ANSA-styret arrangerer i tillegg vikingfest, julebord og 17. mai feiring for dei norske studentane og andre nordmenn som bor i området.

Studiene betraktes som veldig harde. Det blir mye lesing, mange eksamenar, til tider stort lesepress og det er ein forholdsvis stor strykprosent. Men som med andre studiar går det bra dersom ein har rett innstilling og god arbeidsinnsats.

Sist endret: 08.06.2009 09:45 Skriv ut