I alt valde 21 629 studentar å ta delar av eller heile utdanninga i utlandet. Dette er ei auke på om lag 5 prosent samanlikna med året før.
– Vi har sett ei gradvis auke i studentar som reiser til Storbritannia, noko vi synest er veldig kjekt, fortel Anja Thoreløkken i ATP (Across the Pond). Organisasjonen jobbar med formidling av studiar i Storbritannia, og Thoreløkken trur det er fleire grunnar til at nettopp Storbritannia er ein så populær plass å studere.
– Utdanninga held ein høg kvalitet, og Storbritannia er også nær Noreg, noko som gjer det rimeleg å reise heim. Nordmenn er dessutan gode i engelsk, noko som nok gjer overgongen relativ enkel, fortel ho.

Studentveiledar frå Across the Pond informerar potensielle studentar om studiar i Storbritannia.
3457 studentar valde å studere i Storbritannia i 2008-2009. Dei fire neste åra vil talet på studentar i Noreg truleg auke, noko som vil føre til fleire norske studentar, også i utlandet.
– At det kjem ei yngrebølgje, som vil resultere i fleire norske studentar til utlandet, er noko vi ser på som veldig positivt. Ved å studere i utlandet tileignar ein seg unike akademiske kvalifikasjonar. Kvalitet kostar meir og kanskje er dette noko ein burde ha lagt fram som eit argument for å få ekstra støtte til utdanning i Storbritannia.
For studentar som kjem frå land som ikkje er med i EU, som til dømes Noreg, er skulepengane i Storbritannia ofte svært høge. Anja meiner likevel dei høge skulepengane kan kompenserast med lave levekostnadar.
– Det hadde vore bra dersom støtta til studentar i Storbritannia hadde auka. Men dersom studentane tek kostnadsbevisste val skal det vere mogleg å klare seg med pengane frå Lånekassa, i motsetnad til i Noreg, der dette er mykje vanskelegare å få til, fortel ho.
SONOR (Study Outside Norway), som arbeider med å hjelpe studentar med opptak til skular i utlandet, har også merka denne auka.
– I 2009/2010 var det eit klart fleirtal som søkte seg til England, fortel tilsett i SONOR, Kamilla Stølen. Ho trur det er fleire grunnar til at så mange nordmenn vel å studere i Storbritannia.
– Ein av hovudgrunnane til at så mange vel å reise til Storbritannia, er nok at universiteta er kjende for å vere svært bra. Mange synest nok også det er greitt å bu så nær Noreg.

Kamilla Stølen synest ein større del av studiestøtta burde verte gjort om til stipend.
På dei fleste universiteta i Storbritannia kan prisen for norske studentar ofte vere tre gongar så høg som det studentar frå EU-land må betale. Stølen trur det er sannsynleg at ein del av dei som ønskjer å studere i Storbritannia, held seg heime på grunn av dei høge skulepengane.
– Kompetansen og erfaringane til norske utanlandsstudentar er viktig for Noreg, noko som stadig vekk vert understreka av både politikarar og næringslivsleiarar. Statistikkane viser at dei aller fleste utanlandsstudentar kjem tilbake til Noreg etter enda studiar, påpeikar Stølen.
Ho meiner det burde verte opna for å sjå på moglegheita for å gjere om større delar av studiestøtta til stipend.
– Som sagt likar politikarane å understreke kor viktig dei synest det er at norske studentar vel å studere i utlandet, men dersom kostnadane blir for høge, hjelper det ikkje berre med prat og oppfordringar frå regjeringa si side, slår ho fast.
Tekst: Ingrid Endresen Thorseth