– Ikkje urettferdig
Trass i høge skulepengar, føler ikkje Ann-Karin Gjerde seg forskjellsbehandla i forhold til studentar frå EU-land.
Ann Karin Gjerde starta i haust på sitt andre år ved University of Essex, der ho tek ein fireårig bachelor i Business Management with a Modern Language.
Kvart år må 22-åringen punge ut med 9750 pund i skulepengar. Sjølv om medstudentar frå EU-land ”slepp unna” med å betale 3500 pund, føler ho seg ikkje forskjellsbehandla.
– Foreldra mine betaler skatt til Noreg, og Noreg er ikkje med i EU. Studentar frå EU-land har foreldre som må betale skatt til EU-land, og det er derfor dei betalar mindre enn det til dømes eg gjer, slår ho fast.
Etter fire år ved University of Essex, sit Ann-Karin igjen med eit lån på om lag 360 000 kroner. Ho meiner grada ho tek er verdt kvar krone.
– På enkelte norske skular, som til dømes på BI, må ein også betale forholdsvis høge skulepengar, seier ho og legg til:
– Det er ingen universitet i Noreg som kan tilby den fagkombinasjonen eg får ved University of Essex. Levekostnadane i England er dessutan lågare enn dei til dømes hadde vore i byar som Oslo eller Bergen.
Tekst: Ingrid Endresen Thorseth